Nytt green tech-magasin frå Måløy Vekst

Picture
Havkraft AS er ein del av det grønne teknologiclusteret i Måløy. No lanserer Måløy Vekst eit nytt, omfattande magasin på engelsk med tema The Måløy Green Tech Cluster - som for første gong gjev ei samla oversikt over alle dei grønne tiltaka som vert gjort i bedriftene i Måløy. Havkraftgründer Geir Arne Solheim er redaktør i magasinet gjennom kommunikasjonsbedrifta InMedia der han er medeigar. Solheim er sjølv mektig imponert over kva miljøet har fått til dei seinare åra. - Min påstand er at ingen andre stader på same storleik har så mykje å vise til av innovasjonsevne, investeringsvilje og tilpassing til framtidas lågkarbonsamfunn, seier CEO i Havkraft, Geir Arne Solheim.

Det er særskilt to "månelandingsprosjekt" i Måløy som skiljer seg ut med eit enormt, internasjonalt potensial. Det eine er Havkraft sine teknologiske løysingar, det andre er datalagringssenteret i Lefdal Gruve, eit stort prosjekt under den spennande IT-bedrifta Local Host.
  - Måløymiljøet har evne til å kunne lansere teknologiske løysingar som vil ha internasjonale ringverknader. Det viktige er å byggje gode fundament, spele på eksisterande kompetanse, vere best på innovasjon og byggje internasjonale nettverk, seier Solheim.
  Måløy Vekst er ein sterk støttespelar for Havkraft og ei viktig drivkraft for utviklinga i regionen.

Les meir ...


Norge verst på ny fornybar energi

Picture
Kun 0,9 prosent av kraftproduksjonen i Norge kan spores tilbake til alternative energikilder. Bare Tyrkia er dårligere enn Norge når det gjelder å ta i bruk alternativ energi som vindkraft, bioenergi, solenergi og bølge- og tidevannskraft, melder NRK. - Norge er verdensledende på privatutviklet bølgekraftteknologi, så det er små grep som må gjøres fra regjeringens side for å innfri målene i Soria Moria, mener Havkraft-gründer Geir Arne Solheim, som håper snarlig å komme i dialog med energipolitikerne.

Da de rødgrønne kom til makten i 2005 ble det gitt løfte om at det skulle gjøres en historisk satsing på nettopp alternativ energi. – Denne regjeringen kommer til å gjennomføre den mest offensive miljøpolitikken som noen regjering har satt seg som mål å gjøre. Det skal være en massiv satsing på ny fornybar energi, sa SV-leder Kristin Halvorsen for fem år siden.

Les mer ...

Havkraft lanserer
nytt kraftkonsept
- innovasjonar på stadig nye område i det norske gründerselskapet

Picture
Havkraft AS lanserer i desse dagar eit heilt nytt forretningskonsept som er unikt i kraftbransjen. Innhaldet i konseptet er framleis ikkje offentleg, men det er knytt opp mot eit nisjeprodukt som har ein stor marknad. - Kraftbransjen er på mange måter noko av det mest sidrumpa som finst i næringslivet. Orsak at eg seier det, seier CEO i Havkraft AS, Geir Arne Solheim.

- Energibransjen er stort sett delt inn i to grupperingar: 1) dei som vil ha alt slik det har vore og 2) saudeflokken som hiv seg på trendane som er i marknaden. Innovasjonsevna er svært låg både teknologisk og forretningsmessig, særskilt i Noreg. Havkraft AS har derimot fått svært gode tilbakemeldingar på både kjerneproduktet vårt og det nye forretningskonseptet "Aquarius by Havkraft" frå aktørar i California. Eg trur det nye konseptet vil passe perfekt inn i til dømes clean tech-satsinga til guvernør Arnold Schwarzenegger, seier CEO i Havkraft AS, Geir Arne Solheim.

Les meir ...

Havkraft er kandidat til skandinavisk cleantech-pris

Picture
Havkraft AS er eitt av nokre få, skandinaviske cleantech-selskap som tevlar om statusen som skandinavias mest lovande cleantech-selskap. - Det er mange spennande og lovande prosjekt i denne delen av verda, så konkurransen vert tøff. Eg ser på det som ein siger berre å vere kandidat til slike typar prisar, seier CEO Geir Arne Solheim.

Havkraft AS gjorde det godt i kåringa av DnB NORs innovasjonspris denne våren, der selskapet kom vidare blant dei topp 10 prosenta over dei mest lovande innovasjonsselskapa i Noreg. No er det cleantech-selskapa i Skandinavia som tevlar, etter eit initiativ frå Cleantech Skandinavia, Statkraft, Investinor og Innovasjon Norge.
  - Slike tevlingar gjev selskapa verdifull feedback på posisjonen i marknaden. Det er alltid lærerikt å få tilbakemeldingar frå ulike miljø. Vi ser heilt tydeleg at Havkraft AS har ein stadig sterkare posisjon som europeisk cleantech-selskap, seier Solheim.

Prisen skal delast ut under Cleantech Capital Day i Oslo 3. juni. Trykk her for å lese meir om arrangementet.

Utviklar globale standardar for bølgjekraft

Picture
EMEC (European Marine Energy Centre) utviklar i desse dagar globale standardar for bølgje- og tidevasskraft.

Globale standardar skal sikre industriell effektivitet, tryggleik, miljøomsyn og verdshandel.
  - Eit viktig steg i riktig retning. Vi står ovanfor ei gigantisk bølgjekraftssatsing dei neste ti åra med storstila kommersialisering globalt, seier CEO i Havkraft AS, Geir Arne Solheim.

Les meir om saka på engelsk her ... 


Bølgjer og vind
- ein god kombinasjon!

Picture
Det var stor interesse rundt Havkrafts teknologiske løysingar i tida kring vindkraftforumet til Måløy Vekst dei to første dagane i mars. Tanken om kombinerte bølgje- og vindkraftverk nearshore og offshore vil auke arealeffektiviteten og dermed vere bra for økonomien i desse energiparkane - er dette framtidas store løysing? Havkraft har i alle fall teikningar på blokka som skaper stor interesse!

Kombinasjonsanlegg har ikkje berre med felles kabling å gjere, men er like mykje knytt opp mot aspekt som service, kostnader, sikkerheit, arealutnytting og bølgjebryting. CEO Geir Arne Solheim tykkjer det er bra at slike kombinasjonsløysingar byrjar verte diskutert i bransjen.
  - Både når det gjeld botnforankra nearshoreanlegg og seinare offshoreanlegg kan Havkrafts teknologiske løysingar vere ein av nøkkelfaktorane for å lukkast med å kommersialisere marin, fornybar energi, seier Solheim.

Les meir ...

(Biletet syner OWWE's tekniske løysing for eit flytande bølgjekraftverk som gjer det mogleg å utnytte vindkraft offshore. Dette oppskyllingsanlegget er påstått å produsere 1 TWh på 600 meter bølgjefront).


Nordfjord – lokale nettverk, globalt potensial

Picture
Nettverkene i Nordfjord er ikke først og fremst kjennetegnet ved store, tunge bedrifter som har gått sammen til felles nytte.

– Nordfjord er mye åpnere og knytter kontakter på tvers av tradisjonelt etablerte klynger, alt etter hvilke mål som skal oppnås. Det har gitt resultater, sier gründer i Havkraft AS, Geir Arne Solheim, til Teknisk Ukeblad.


Les mer ...


Havkraft vil skape optimisme

Picture
- Ei skikkeleg satsing på kraftproduksjon frå fornybare kjelder som bølgjer og vind vil skape aktivitet og optimisme på kysten, seier redaktør i Fjordenes Tidende, Erling Wåge, på leiarplass.

- Både når det gjeld bølgjer og vind har Vestlandet nokre av verdas beste lokalitetar for produksjon av rein energi. Vi gjev vår fulle støtte til gründer Geir Arne Solheim om at regjeringa må legge betre råmevilkår for bølgjekraftnæringa enn tilfellet er i dag, seier redaktør Erling Wåge.

Les meir ...


Havkraft etablerer seg i Maritim Park

Picture
Havkraft AS vil no etablere seg med kontor i Maritim Park på Raudberg.

Etter at grunnleggarane av parken Arild Aarvik og Agnar Lyng i haust etterlyste gründerverksemder i Vågsøy, er det no klart at Havkraft AS er det heldige selskapet som får etablere seg i parken på gunstige oppstartsvilkår. 
 
Les meir ...


Vått nytt år!

Picture
Havkraft takkar alle kontakter og samarbeidspartnerar for samarbeidet i 2009!

Vi er i 2010 klare for full oppstart av selskapet, med hjelp av våre investorar og finansieringskjelder. Interessentar vert bedne om å kontakte Inkubator Vest AS eller Havkraft AS direkte for investor relations.
  Biletet er ein teaser frå ein prototypetest. Marknaden er klar for teknologien og dei internasjonale, finansielle aktørane er svært positive til denne typen teknologi!
  Vi håper og trur på eit godt nytt år der Havkraft tek steget fram som ei av verdas fremste grøne energiteknologiar!

Sea the Future!


Havkraft klar for offentleg visning

Picture
Havkraft får si første, offentlege visning av den patenterte teknologien på Connect Nordic Cleantech Partner Forum 2. desember 2009. 

- Dette vert ein milepæl for prosjektet. Vi er alltid opptekne av kvalitet i Havkraft. Difor ønskjer vi å få flest mogleg tilbakemeldingar på teknologien for å gjere potensialet enno større. Vi er no klare til å inngå partnerskap med ein finansiell aktør, og vi håper å finne denne/desse gjennom cleantech-forumet, seier CEO Geir Arne Solheim.
  På forumet møter Havkraft heile energibransjen i Norden som søkjer denne typen prosjekt å investere i.
  - Utgangspunktet kunne ikkje ha vore betre for å ta prosjektet vidare, seier Solheim.


Tusenvis av treff på havkraft.no

Picture
Interessa rundt Havkraft er historisk høg. Nettstaden har dei siste vekene hatt fleire tusen treff i veka, og selskapet merkar stadig aukande interesse frå både tekniske og finansielle miljø. 

- Svært gledeleg å sjå at Havkraft-teknologien ser ut til å finne sin posisjon i marknaden. Det er samla svært høg kompetanse rundt teknologien, og dette ser ut til å ha gjeve gode resultat. Vegen er ikkje så lang fram lenger som han var for over ti år sidan, seier CEO Geir Arne Solheim.


Havkraft til nordisk cleantech-forum

Picture
Havkraft er valgt ut som eitt av 12 nordiske selskap til å delta på CONNECT Nordic CleanTech Partnerforum 2. desember 2009.

- Ein unik sjanse for oss i Havkraft. Håpet er at vi kan finne den riktige samarbeidspartneren når vi no går inn i neste fase av prosjektet, seier dagleg leiar Geir Arne Solheim.

Følg denne linken for meir informasjon.
http://www.connectnorge.org/index.php?layout=calendar&a_id=81


Les meir ...


Vellykka prototypetest

Picture
Havkraft gjennomførte 3. november ny prototypetest av teknologien med svært godt resultat.
 
Testen vart gjennomført i samarbeid med Optipro og CMR Prototech ved Høgskulen i Bergen. Dei nye testane syner at teknologien har eit større potensial enn først berekna teoretisk.

Les meir ...


Havkraft blir AS

Picture
29. oktober 2009 vart Havkraft omgjort til norsk aksjeselskap.

Dette som eit ledd i den vidare strategien fram mot kommersialisering av Havkraft-teknologien. Geir Arne Solheim er dagleg leiar. Det vert no jobba med å byggje organisasjonen i alle ledd samstundes med innovasjon og teknologiutvikling.

Les meir ...

 

Gutar med rein energi!

Picture
Frå august og fram til jul 2010 skal Sveinung Hjelle og Stig Ove Nesbakk frå Nordfjordeid gå frå Nordkapp til Lindesnes fyr.Gutane har støtte frå Havkraft på ferda.

 Les om den spanande ferda her!


Sea the Future

Picture
Havkraft er et norsk teknologiselskap med ein stor visjon: gje verda miljø-teknologi som kan bidra til å nå målsettingane om eit klimanøytralt lågkarbonsamfunn.

Vi er ein kompakt organisasjon, men med samla svært høg kompetanse innan energiteknikk, mekanisk industri og offshore-relaterte aktivitetar. Saman med vårt nettverk, våre underleve
randørar og våre kundar, skal vi føre an i kampen for å gjere bølgjekraft til ein av verdas største energikjelder.

Framtida ligg offshore, så vi seier det enkelt:
- Sea the Future!

Les meir ...


Følg Havkraft på Facebook!

Picture
Bli venn av Havkraft og meld deg på sida vår på Facebook!

Trykk her!


Inkubator Vest: Vestlandets leiande industriinkubator

Picture
Inkubator Vest er ein industriinkubator i Nordfjord med Vest Buss i Stryn som morbedrift.

Havkraft er eitt av inkubatorbedriftene saman med mellom andre Vest Innova og Restitec.

Følg med Inkubator Vest ved å klikke her!


InMedia - får ideane dine til å leve!

Picture
InMedia AS er eitt av Noregs leiande byrå innan utvikling av kommunikasjonskonsept.
 


Dette hjelper InMedia deg med:
- Strategi/analyse
- Konseptutvikling
- Informasjon/publishing
- Internett/web
- Grafisk design
- Trykksaker

InMedia er ein del av Nordens største kommunikasjons-kjede, Prinfo Communication Group.

For nærare informasjon om InMedia AS, klikk her ...


Fjordvarme - eit genialt konsept!

Picture
Havkrafts favorittprosjekt innan ENØK og fornybar energi er definitivt Fjordvarme AS. Ved full utnytting av fjordvarmeteknologien, vil ein i Noreg åleine kunne generere 5 TWh med denne typen termisk energiutvinning frå fjord, hav og vatn. 

Dette burde definitivt vere eitt av dei første teknologiane norske styresmakter tok tak i og sette i produksjon i stor skala. Det gjev ein rask gevinst både på reduksjon av CO2 og på bruk av annan type elektrisk energi. Dette vil dessutan gje ei stor føremon for det regionale næringslivet som vil nyte godt av rimelegare energikostnader knytt til oppvarming og kjøling.
  - Teknologien har eit verdsrevolusjonerande demonstrasjonsanlegg bygd ut på Nordfjordeid, så her søv politikarar og utbyggjarar i timen om dei ikkje utnyttar Fjordvarme AS sin unike kompetanse på området, meiner CEO i Havkraft, Geir Arne Solheim. 

Les meir om Fjordvarme AS ved å klikke her ...


Følg utviklinga i Måløy

Picture
I Måløy skjer det stadig nye ting innan fornybar energi.
 
Havkraft er medlemsbedrift i Måløy Vekst og gründer Geir Arne Solheim har vore hovudansvarleg i utviklinga av konseptet "Maløy: Work in Progress" gjennom InMedia AS.

Bli kjent med næringslivsbyen Måløy ved å klikke her!

Eid inviterer!

Picture
Havkraft har mykje aktivitet på Nordfjordeid. Geir Arne Solheim har vore med på utviklinga av konseptet Eid Inviterer gjennom InMedia. Ta turen til Eid for gode tider!

Klikk her for meir informasjon ...


Karriere i Sogn og Fjordane

Picture
Er du på jobbjakt i Sogn og Fjordane? Då bør du kontakte Framtidsfylket AS!

Ta ein prat med Anne van Oorschot, så vil mange moglegheiter opne seg. Anne var tidlegare prosjektleiar i Havkraft og veit å få ting til å skje!

Klikk her ...


Noreg treng ein ny energipolitikk

Picture
Noreg, Portugal og England er tre europeiske nasjonar som har alle føresetnader for å lukkast med å ta i bruk bølgjekraft som ei betydeleg energikjelde for produksjon både til eigen bruk og til eksport. Teknologisk ligg Noreg langt framme gjennom fleire private utviklingsmiljø, men diverre ligg nasjonen Noreg langt tilbake i høve Portugal og England.

Skilnaden ligg hovudsakleg i støtteordningane for å utvikle og lansere ny teknologi. Medan Noreg forar forskingsinstitusjonane med milliardbeløp som fører til marginal innovasjon, så nyttar til dømes Portugal og England feed-in-tariffar for å sikre at marknadsmekanismane sikrar progresjon og innovasjon. Feed-in-tariffen på bølgjekraft i Portugal er på heile 175 øre/kWh - i tillegg til kraftprisen!

Resultata let ikkje vente på seg, og England og Portugal ligg no heilt fremst i verda når det gjeld å få lansert bølgjekraft ut i marknaden. Fram til Noreg endrar energipolitikken, så vil Havkraft hovudsakleg satse internasjonalt med lokalt produsert teknologi.

Les meir ...

All rights reserved Havkraft AS 2010